I 2014 opna Helge og Kari Kulturløo på Drange. Løo på garden er gjort om til museum og her er det stilt ut fleire 1000 gjenstandar frå jordbruk, til matlaging/måltid, handsaming av råvarer, tekstilarbeid, pyntegjenstandar, fiske/sjøbruk, ulike handverk. Tinga er dels i god stand og er eit gode døme på gjenstandsmassen på ein Sunnhordlandsgard. Sidan bestefaren dreiv aktivt med fleire handverk er også mengda av reiskap større og meir variert enn kva som var vanleg.
Den kulturhistoriske verdien ligg i autensiteten, at samlinga er frå garden. Tinga er brukte og laga av folka der, og vert såleis ein del av den totaliteten som landskap, innmark/utmark, tun/bygningar, skriven og munnleg historie til saman utgjer.
Ein kan læra mykje ved å gå rundt på museet her. Det å kunna dela både kunnskapen og historia med andre som er interesserte i det, er noko av drivkrafta bak Kulturløo. Helge Drange kjenner historia bak alt han har på museet, og fortel om det til gjestene.
I underetasjen i Kulturløo – «ondahuset» er det innreia til festlokale med langbord med plass til mellom 25 - 30 personar. Lokalet vert nytta som kafé under arrangement i Kulturløo, men kan dekkast om til matservering/fest.
I samband med omvisning eller andre arrangement, kan me servera middag eller lunch. Maten vert laga av Haaheim Gaard. Me kan også servera øl og vin.
Me kan tilby omvisning evt inkludert lunsj eller anna servering. Feiring av bursdagar, teambuilding, styremøter og kundemøter.
Håpet er at Kulturløo kan bli ein attraksjon for Tysnes. Difor tek me i mot grupper av born og vaksne som ynskjer å besøkja Kulturløo. Ta kontakt for avtale.